tirsdag 25. februar 2014

Prosjekt hus: Veke 8


Går stadig framover :-) Nærmar seg at kjellaren er ferdig plata no. Dette er gangen nede, til venstre ser ein døra inn til badet, heilt til høgre er døra inn til rommet vårt. Og til høgre for vindauget rett fram, er det dør ut. Golvet her nede er slipt betong (men veldig støvete akkurat no).




Her ser ein gangen andre vegen, der trappa kjem ned. Rommet vårt blir til venstre.




Bortover gangen nede. Soveromma til ungane blir der, badet blir første døra til høgre.




Vårt soverom.




Nora sitt rom. (ho er veldig fornøgd med at ho får vinkel på rommet :-) )




Andreas sitt rom, massevis av vindauger :-)




 Oppe, mot kjøkkenet. Blir høgskap i nisja, og benk under vindauget. Og kjøkkenøy.




Kjøkkenet





Her ser ein der trappa skal gå ned. Heilt til venstre blir ut i gangen som skal komme mellom husa, men det blir ikkje ferdig før vi har flytta inn i den nye delen (skal rive litt av gamlehuset og bygge saman etterpå).




Frå kjøkkenet mot stovedelen.




Meir stove...


Vart visst eit bilderas dette :-)

fredag 14. februar 2014

Prosjekt hus: Veke 6


Snekkarane er omtrent ferdige å sette opp gipsplater oppe. Og ryddegjengen er i gang...




Vindauge i stova. Pusur kunne tenkt seg å komme inn..




Ryddegjengen...




Blir lyst og fint :-)



Prosjekt hus: Veke 5



Betongen på kjøkken, bad og gang er ferdig slipt. Synst det vart veldig bra :-)




Slipt vs uslipt... Fascinerande...




Vi hadde første søndagskaffi i nyehuset, brukte saga som bord.

Elektrikarane har og jobba ein del den veka her, ein kan såvidt sjå spotkassane i taket...







Litt snekring på plankerestar...




Magnus med hammar og snekkarbelte :-)



Prosjekt hus: veke 4


Her er det kommt opp isolasjon og plast. Biletet er tatt frå stova mot spisestova.




Del av kjøkkenet. Ventar framleis på skyvedøra som skal komme til venstre på biletet.




Kjellaren. Trappa skal komme ned ved murveggen. Her ser ein bortover gangen der soveromma til ungane blir, boder og badet.




Badet, ferdig støpt golv.



mandag 9. desember 2013

Årets nisseproduksjon


I går hadde vi eit lite juleverksted, og ungane fekk male nissar. Kom over ideen på ein bloggerunde ein gong, men hugsar ikkje kvar... Den gjengen her får stå på kommoden i yttergangen vår.




Synst nissane vart artige eg :-) Men gløymde heilt å ta bileter i løpet av malingsprosessen...hadde nok med å passe på at dei lange pinnane ikkje laga malingsflekkar over alt...




Og ein liten gjeng får stå i trappa opp til loftet.




Eit raskt og enkelt prosjekt som alle ungane fekk til (3, 6 og 8 år).

tirsdag 3. desember 2013

Prosjekt hus: veke 48


Det går framover på huset :-) Vindauga begynner å komme på plass. Og snart er det klart for kledning. Den delen av gamlehuset som er til venstre på bildet, skal rivast før husa skal byggast saman.




Nokre vindauger er på plass, og vi har prøvd å opne nokre ;-)




Andreas sitt rom...




Dei store vindauga i spisestove-delen er på plass :-)




Mellom husa, her blir det ein lun uteplass med kveldssol. Og der det går ein mur på tvers kjem det glasskyvedører inn i gangen som skal knyte husa saman




spisestove og kjøkken lengst inne



mandag 2. desember 2013

advent :-)


Sidan ungane får opne pakkekalenderen kvar 3.dag, så har dei brukt å få peparkakekalender i tillegg. Nytt i år er at dei får henge på eit juletre, 3 og 3 peparkaker kvar dag. Og 3 stk som synst det er stas kvar dag :-)

torsdag 21. november 2013

Sofaputer


Har somla meg til å sy nye puter til sofaen :-)

Stoff frå Stoff & Stil, knappane er store knappar som eg har trekt med stoff.






Puta til venstre er eigentleg eit nett frå søstrene Grene, berre putta oppi ei pute og knytta saman hankane, superenkelt ;-)

tirsdag 19. november 2013

Huer


Har sydd ein liten haug med huer :-)




Nora med si hue







Magnus

Jammen ikkje lett å få tatt bilder av ungane for tida...ga opp eldstemann...


Mønster: Eige

Stoff: Stoff & Stil (ungane fekk velge sjølve)

søndag 17. november 2013

Prosjekt hus...


Endeleg er vi kommt igang med bygging av nytt hus :-) og sånn ser det ut etter at snekkarane har heldt på i ca. 2 veker...synst det går fort eg :-)

Huset skal byggast saman med det raude huset til høgre i bildet (der vi bur no)...




Blir mange store vindauger. Oppe blir det kjøkken, stove, spisestove og eit lite kontor. Og nede blir det 4 soverom, eit par boder og eit bad.







Utsikt frå spisestova




Utsikt vestover



fredag 8. november 2013

strikka topp til Nora



Har strikka ein topp til Nora, litt uklart bilde, men modellen var litt utålmodig når bilda vart tatt... Mønsteret har eg hatt liggande lenge, trur det stod i "Foreldre og Barn" for nokre år sidan. Men uansett god og varm topp til vinteren :-)

onsdag 16. oktober 2013

Tøysetopp til Nora


Begynte på ein sommartopp til Nora i sommar. Mønsteret er Pickles sin tøysetopp. Gjekk frykteleg seint å strikke den, usikker på kvifor... Fargane var midt i blinken for Nora, og eg fekk brukt opp litt restegarn i bomull. Frøkna vart i alle fall fornøgd :-)